Magasinett

Utskrift

Rose (37) rir med skjold og mellomalder-klede

Skrive av Elise Løvereide .

 Rozemarijn Keuning (37) driv med riddarsport på hingsten Gesto RAM II (12). – Ein rustning veg omtrent 30 kilo, fortel ryttaren. Foto: Kjersti Enger Jensen

Rozemarijn Keuning syr sine eigne drakter og rir i nærkamp på hest, akkurat som i mellomalderen.

 

 

Rozemarijn Keuning begynte å ri for tjue år sidan, men har drive spesielt med riddarsport og klassisk dressur dei siste fem åra. Ho underviser også sjølv i klassisk dressur, ein ridekunst som eigentleg er utvikla til bruk i krig. Riddarsport vil seie å ri med våpen til hest som ein gjorde tilbake i historia.

– Riddarsport er ein stor utfordring for både hesten og ryttaren. Det krev mykje trening for å få til øvingane og å bli god nok til å delta i turneringar.

Rose plar også å drive med noko kalla dyst, som vil seie nærkamp – ein rir mot kvarande og forøsker å knekke ein lanse på motstandaren sitt skjold.

– Det er ikkje risikofritt, og krev ein del mot. Utfordringa er det som trekte meg mot sporten, fortel ho.

Syr eigne drakter
Rose kjem opprinneleg frå Nederland, men budde på Vestlandet i fleire år før ho flytta til Hedmark. Ho er utdanna marinbiolog, men er også ridelærar.

Det var på Vestlandet at ho lærte å sy sine eigne drakter.

– Det starta eigentleg med at eg ikkje fann det eg ville ha for sal, så då laga eg dei plagga med dei fargane eg ønskte. Eg hadde ei venninne som var med i band, og som sydde sine eigne dramatiske scenekostyme. Ho lærte meg å sy kostyme.

Rose lærte også å sy mellomalderdrakter av folk i Frilansene – ein mellomalder renactment-gruppe (altså ei gruppe der deltakarane forsøker å gjenskape ein bestemt tidsperiode eller hending, journ.merk). Draktene gjenskapar dei i frå det ein veit om moten på perioden 1300-1500-tal.

– Det er mykje som må syast for hand. Den grøne kjolen med pil og bue er ein fantasikjole inspirert av Ringenes Herre. Men eg har ein annan kjole med grønn silkebrokade frå 1400-1500-talet.

Riddarsport inneber mellom anna nærkamp med skjold og kolbe. – Ein må vere litt modig, men det er utfordringa som trekte meg til sporten, seier Rose. Foto: Katla Menada

– Vil levandegjere historia
Ingvild Punsvik er skreddar, og selde også eigne drakter på eit tidlegare tidspunkt. Ho laga sin første drakt som 15-åring.

– Vi prøver å gjenskape og levendegjere historia. Det er fleire grupper og enkeltpersonar i Norge som driv med dette. Nokon er opptekne av handverk, drakt, matlaging, medan andre driv med riddarsport.

Før ho lagar ei drakt, bruker Punsvik mykje tid på å setje seg inn i den historiske bakgrunnen. For å lage den gylne kjolen på biletet undersøkte ho 35 timar i forvegen.

– Eg vil lære så mykje om kjolefunnet den er basert på som mogleg, slik at eg kan gjenskape så mange aspekt ved han eg kan. Det gjeld å sette seg inn i stoff, stingtypar, mønsterkonstruksjon, passform og liknande.

– Kan samanliknast med ein bunad
Ein mellomalderdrakt kan ifølgje skreddaren samanliknast med ein bunad. Klipping og søm tar tid, og varierer etter materiale, detaljer og foring.

– Viss eg skal gjette vil eg tru at ein handsydd og delvis fora kjole ville tatt meg mellom 50 og 100 timar.

– Kva er den største forskjellen på kleda i dag og kleda i mellomalderen?

– Eg trur vi er likare enn vi ofte tenker. Folk har vore like opptekne av å vere fjonge og å markere sin sosiale status gjennom kleda sine som det dei er i dag. Arkeologiske funn frå den nordiske mellomalderbusettinga ved Herjolfsnes på Grønland viser at sjølv kleda der var sterkt prega av det europeiske motebildet, seier Punsvik.

Nokre gongar rir Rose også med rustning, som veg heile 30 kilo. Det finst fleire rustningssmedar i verda som produserer historisk korrekte rustningar.

– Elles kan ein bestille slike drakter fleire stadar på nett, og om ein besøker ein mellomalderfestival. Prisane er avhengige av kvaliteten. Ordentleg flotte historisk korrekte draktar med tilbehør kjem gjerne opp i bunadspris.

Denne drakten laga Rose med inspirasjon frå ein av alvane i fantasy-triologien Ringenes Herre. Foto: Privat